Author: Havstril padleklubb

  • Kjekt med UNG-kurs

    Ei fin gruppe på Sveholmen. Fem nye Havstril-ungdommar på kurs på Sveholmen denne veke. Mykje moro, leik og lått – og det heile avslutta med stuping frå gangbryggja vår.

  • Støtte frå North Sea Shipping

    Havstril padleklubb har motteke heile 10.000 kroner i økonomisk støtte frå naboane våre på Kvaløya, North Sea Shipping. Padleklubben har ein god del faste driftskostnadar, knytt til mellom anna forsikringar og fornying av utstyr til ungdommen der støtta kjem særs godt med. Me takkar storleg.

  • Omtale i lokalavisa

    Marsteinen har skrive om besøket me hadde på holmen førre veke. Alltid kjekt med litt blest om eit godt tiltak.

  • Storebø skule på besøk

    Tradisjonen tru besøkte sjuandetrinnet frå Storebø skule Sveholmen for å prøva seg i kajakken, som ein lekk i avsluttinga på barneskulen. Totalt fekk 37 ungdommar padla rundt holmen, prøva ut framdriftstak, laga flåta (nokon gjekk på han òg) sitteteknikk og leika med innsamling av små plastballar. Trass smått ufyseleg vêr – regnet tok aldri slutt […]

  • Referat, styremøte Havstril pk

    Sveholmen 20. mars 2017 kl 19:30 Desse møtte: Rune Hevrøy, Marius Taraldsen, Øystein Vik og Trond Hagenes (referent). Forfall: Stina Nordbak. Vararepresentantar inviterte til møte, kunne ikkje møta.   Sak 0717: Godkjenning av referat frå førre møte Referatet vart godkjent.   Sak 0817: Status økonomi Låg likviditet i starten av året, men har betalt faktura […]

  • Årsmelding 2016

      Havstril padleklubb sitt styre i 2016 bestod av Trond Hagenes (leiar), Stina Nordbak (nestleiar), Geir Bergflødt (medlem), Åse Hauge (medlem) og André Hole (medlem). Sistnemde representerte òg padleklubben i idrettsrådet. Det vart arrangert to fysiske styremøte i 2016 og eitt i januar 2017 – og hatt nettdialog ved behov utover dette, etter avheldt årsmøte. […]

  • Referat styremøte, 9. august 2016

    Stad: Austevoll kraftlag, kl 20:00 Desse møtte: Geir Bergflødt, André Hole, Åse Hauge, Stina Nordbak og Trond Hagenes (ref). Sak 14/16 Klubbøkonomi Lånet er innfridd. Leiar informerte om relativt grei likviditet, og om auka interesse for introkurs samanlika med 2015. Medlemsmassen er dermed i vekst, og ligg p.t. på 116 betalande medlemmar. Innkommande sponsormidlar frå Austevoll […]

  • Ti år med padleklubb

    Det er gått ti år sidan Havstril padleklubb vart stifta. Me mimrar litt: Det byrja med at lokalavisa intervjua ein ny kommunelege. Ulf Hørlyk heitte han, og lanserte tanken om at Austevoll, ja Austevoll burde ha hatt ein havpadleklubb.

  • Kjekt med padledag

    Kjekt med padledag

    Sundagen var eldsjeler og andre interesserte samla ved Sveholmen og Spissøy for å markera Padlingens dag – i konkurranse med Fire- og Sjufjellstur, Padlefestival, veterancruise frå Bergen til Bekkjarvik og andre aktivitetar. Trass i dette sette verken sol eller varme i sjøen nokon stoggar på ivrige padlesjeler i ulike aldrar. – Hei pappa, dette må […]

  • Padlingens dag sundag 29. mai

    Padlingens dag på Sveholmen. Bli med! Det vert høve til å prøva padling for barn og vaksne, natursti med premiar, høve til å grilla og kajakkmønstring etterpå. Arrangementet går frå klokka 11:oo til klokka 14:30, og med ei kajakkmønstring og liten tur klokka 15.