Padleklubbleiaren er glad for at det er medpadlarar som har skarpare syn når klubben set ut frå Sveholmen.
– Sjå, Per! Er det ikkje ei havørn som sit på toppen. Aller øvst der borte?
Klubbens eldste og ein av dei ivrigaste, naturmennesket Per, kan svara stadfestande medan augo mine framleis forsøkjer å mysa inn rett fokus. Jaudå, der sit ho og ganske sikkert studerer oss, med langt sterkare optikk enn det eit eit par middelaldrande, nærsynte augo kan skilta med.
Me var ei god blanding som tok ut frå klubbhuset, nokre nygamle andlet og ein heilt fersk som var på introkurs med Odd Arne torsdagen i førevegen. Me støytte på ein uvanleg stor sverm av måsar, som truleg vona at fisketuristane som hadde snøra sine ute ved Navøy gjerne skulle varta opp med kveldmat.
– Ska’ ha – Ska’ ha, skreik dei, om me skal tru Odd Børretzen. No hata han måsar, særleg dei som prøvar å valdta ei plastkanne Risør hamn midt i kyrkjetida. Sjølv heller eg til at dei er som fridomens kvite lys på himmelen.

Det var lite rørsle i sjøen. Inga alde. Ikkje ein gong bylgjer frå eit cruiseskip eller solgangsbris frå havet. Kajakkar og padlarar i gule, organsje, blå og raud tørrdrakter spegla seg nærarst i den blanke overflata på veg mot Sengane. Desse naturlaga kanalane med holmar i noko som for eit utrena auga kan likna på sedimentære bergartar er spesielle. Tusenvis av år med bylgjer og sjøprøyt har ikkje filt ned knausane heilt.
Me var innom ei naturlaga jettegryte med kajakkane våre. I botn låg to store, runde steinar som har kverna ut grytene. Steinane var i alle høve på storleik mei dei aller største vassmelonane du kan finna i grønsaksdisken, om ikkje større. Også den gøymde laguna på nordaustsida av Navvågen fekk me med mykje møye glidd oss inn i, med god hjelp av tang og kraft frå armane.
Me fekk nesten med oss solnedgangen der med padla oss heimover igjen, medan tjeld, eit par silender og nokre sniper tok til vengjene då me kom veivande med padleårene våre i den gode vårsola.
Trond H.