Horgekalven på ein torsdag

Det er mange små innspett ute ved havet du kanskje hadde køyrt rett forbi i skjergardsjeepen, eller du kanskje til og med berre har padla forbi. For mange av oss kan det òg vera slik at me i mange år har padla forbi ei openberring to–tre padletak unna. Vika heilt på sørvestsida av Horgekalven kan vera eit døme på dette.

Me var ti havstrilar som padla over ein heilt roleg Horgefjord, men i staden for å padla på utsida og inn Vaula, glei me inn med det ørvesle draget inn mellom skjera og Horgekalven sjølv. Og så kan me sitera Olav H. Hauge, sjølv om det var på kvelden og ikkje om morgonen me glei inn på den vågen.

Me strekte beina, fotograferte og kjende oss litt meir som eitt med naturen, fekk i oss litt næring før me sklei ut igjen på Blåmyra og vart vitne til ein solnedgang av dei sjeldne, og me fekk skoda havørn på vengjene og ivrige tjeld på jakt etter blåskjel eller anna mat. Me kom oss trygt i hamn då det mulma.

Vårturane kan absolutt vera fantastiske.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s