
Også i 2022 har mange havstrilar sanka trimturpoeng i Austevollskjergarden. Me plukka ut 20 av favorittstadane våre i viker, vågar og pollar kring dei 667 øyane, holmane og skjera me er velsigna med her vest.
Dei som har alle poenga – 200 – blir med i trekkinga av ein middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri, som sponsar premioen. Dei andre deltakarane er med på ei trekking på eit gåvekort på 2 500 kroner sponsa av Austevoll kraftlag.

Me trekkjer ut premiane under klubbkvelden på Austevollbadet torsdag 20. oktober. Me køyrer ganske sikkert ein omgang i 2023, og håpar på at det vert endå fleire deltakarar då.
Ofte kan desse perlene vera stadar mange elles ikkje hadde besøkt, og noko padleklubben har stifta kjennskap med i løpet av snart 17 år med padling i skjergarden vår.