No ser eg atter slike …

Det var ikkje fritt for at ein av deltakarane stemde i Aasmund Olavsson sine ord til Edvard Grieg sine tonar då me stemne mot Sveholmen etter ein fin og roleg økt på ein nesten paddeflat Krossfjord.

Me var ti havstrilar, mange med nylege intro- eller grunnkurs bak seg på fjorden, nokre meir røynde og supplementert med to aktivitetsleiarar på økta som me starta så seint som klokka 19. Det vart kjæla med skråma av nokre av oss, og den grå granitten fekk eit meir og meir gyllent skin jo lenger me padla.

Målet for den korte turen var den idylliske vika Hamnene, som du på godvêrsdagar som denne kan skli inn i. Sjeldan har det vore så rolege forhold ein haustdag på denne tida her ute.

Sant og seia freista det å ta Marsteinen rundt, men me nøya oss med å padla ut til Skjerskaget, der Kystverket har forlenga lykta, som no kan leia endå fleire skip bort frå farefulle grunnar i området.

Eit sjeldan smykke av ein haustdag på fjorden.

Foto: Birthe M./Trond H. Tekst: Trond H.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s