Dusinet med nytt oblat etter finvêrshelg


Tolv havstrilar fekk førre helg gjennomført grunnkurs hav til padleforbundet. Det blei ei fantastisk helg, der vêrgudane verkeleg var på vår side. Flatt hav, vindstille og strålande sol gav fantastiske rammer for kurset.

Deltakarane fekk på laurdagen jobba med grunnteknikkene i kajakk, med framdriftstak, svingeteknikk og sidevegsforflytting i kajakken. Me brukte Kalsvika ved Kalve som øvingsområde, og det blei gjennomført kameratredning her, før turen bar tilbake til klubbhuset, med en svipptur utom Inderøya i Horgefjorden. Tilbake ved klubbhuset blei det meir bading og redningstrening med blant anna eigenredning.

På sundagen la gjengen ut på langtur, med hovedfokus på navigasjon og sikker ferdsle som gruppe på padletur. Turen gikk langs vestsida på Hundvåkøy før me kryssa over til Horgo. Her gjekk me heilt vestom, før me padla inn i Vaula og hadde lunsj i sola. Etter kjapp bering over til Austrevågen, kryssa me Horgefjorden som gruppe tilbake til Sveholmen, der me avslutta turen med eit bad og redning for dei som ynskte det.

Ei nydeleg helg og gratulerer til de tolv nye innehavarane av GK-havoblatet.

Tekst: André H. Foto: Kersti Ø.


Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: