Blikkstille frå Skår til Sveholmen

Ni havstrilar ramla ut av bilar på Skår, heiv kajakkar på sjøen og steig ut på stranda ved den gamle «Vestviking»-kaien. Raskt og effektivt kom me oss på sjøen, og padla sørover langs berg og hammar på Hundvåkøya. Me padla forbi Torangsvågen, under Austevollsbrua, og til Bakholmen. Austevolls fyrste kommunesentrum (1886 fram til 1963) er ein idyll, godt teken vare på av Eide Knutsen-familien. I si tid var det både tingstove, bakeri, post og lensmannskontor her. Historia fortel om tjukke skyer av tobakk- og piperøyk under heradsstyremøta, og at dei tid og ofte sov andføtes frå eine dagen til andre når møta drog ut.

Mange av kveldens padlarar kom ferske frå kurs på måndagen, og fekk høve til å finna seg endå betre til rettes i kajakkane. Me kryssa over til Råtapollen, som ligg som ei fredleg lagune med ein liten opning sør i retning Møkstrafjorden.

Også Horgefjorden låg stille og doven denne kvelden. Sola gjekk ned og me fekk god bruk for lanternene på kajakkane etter kvart som mørket festa grepet på kvelden.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s