

Me har etter dialog mellom aktivitetsleiarane i klubben gått til innkjøp av ein ny Romany Surf til klubben. Båten er lagt inn som nummer 17 i padleboken, og er lettare enn dei to andre surfane me har i klubben som begge har eit ekstra lag med glasfiber i botn.
Flåten og utstyret me har opparbeidd oss opp gjennom åra er me særs stolte av, og dei walisiske kvalitetsbåtane til Nigel Dennis verkar som evigvarande, men me treng sjølvsagt vedlikehalda dei.