Horgo, offerplass etter gamalt. Ei fråflytta øy ute i havet. Delt på midten av fleire vågar. Ei av dei den langgrunne Vaulo, og omgjeven av små idylliske skjer og holmar på nordvest- og austsida. Eit av favorittmåla våre frå Sveholmen.
Med fire aktivitetsleiarar blant dei sju padlarane sleppte med skuldrene låge, og sette i veg over ein lett rufsete Horgefjord. Midt utpå blanda havdønningane seg inn med bylgjene i vindretningen frå sør, ein dæsj med straumsjø og det vart litt utfordrande. Hadde eg kome i båt, hadde eg ikkje gått ut i kajakk, sa ein av dei ferskaste havstrilane. Likevel gjekk det fint, og me padle til Horgekalven for å loga trimturpoeng og sjekka om me skulle ta på å padla lenger sørover.
Tjeldane brukte lågvatnet mellom aldene til å plukka med seg eit blåskjel i dei lange, oransje nebba sine. Studera oss nyfikent og ta til vengjene.


Bylgjene rulla inn frå Møkstrafjorden, så me tok i staden turen inn i Austrevågen, strekte på beina, åt opp Kersti sin sjokolade (!) og snakka om laust og fast. Deretter tok me fatt på padlataka heimatt, via Trettholmen, idyll i finvêr, men kald og ugjestmild i 10 sekundmeter og haustleg trekk i lufta.
Så fekk me eventyrleg surf heile vegen heimatt. Det vart litt byljer inn frå låringa på vegen, men ikkje meir enn at det berre var kjekt. Me kom oss i land like etter 21:30.
Tekst: Trond H. Foto: Kersti Ø.