På vestsida av Stora kalsøy


Ni padlarar sette ut frå klubbhuset 19:40 måndag. Kursen ble satt sørvestover rundt Stora Kalsøy. Roleg vind, men litt bølgjerestar møtte oss på sørsida av Kalve. Grunna mange småskjær var det litt rotete sjø og me var på grensa til om å måtta vurdera retur, men haldt god avstand til land då me runda rundt og fekk Marsteinen i mot oss – med sola som leika seg mellom skya hadde drive inn frå havet.

På vestsida var det havdønningar som rulla inn og padlarar forsvann bak nokre av bølgjatoppane, men dei var heilt runde og gav ei flott og fin oppleving. Inn i Krossfjorden nordsida var det blitt havbleike, men litt dønningar inn granitten. Alda var artig og leika seg med. Etter to timar og 40 minuttar karra me oss opp på bryggja igjen. Ein flott tur som gav meistring, utfordringar og ei flott padleoppleving. Ein krevjande tur som ein bør ha litt erfaring med bylgjar i for å gjennomføra.

Andre H.


Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: