Superkjekk sommarskule

– Sommarskulen er eit av høgdepunkta – ja det er sjølve sommaren, meiner ein av deltakarane på Havstrils sommarskule, som me i år arrangerer for tredje året. I 2022 har me delt inn i to alderskategoriar. Undomsskuleelevane har vore på sjøen torsdag og fredag denne veka, medan dei litt yngre skal vera med måndag til onsdag i veka som kjem.

Torsdag vart det ein god dash med bading og padling inne i vika ved Sveholmen, mest grunna den litt ekle sønnavinden. Fredag var vêrgudane på sitt aller blidaste, med 25-26 grader og berre ein svak rørsle av vind. Dei ti deltakarane, med André som guide la ut frå Sveholmen, utforska holmar og skjer, og fekk kjenna på alda etter uvêret dagen i førevegen. Dei mest motige padla seg heilt opp på rur og tang medan havet kjærteikna skjera. Kjekt å sjå.

Matbit på slutten av seansen.

Litt lenger nord vart det strandhogg med høve til å stupa frå fire-fem meter. Storleg kos. Me fekk òg med oss leik i Bakkastraumen, eigenredning framfor oppmøtte foreldre og ikkje minst pølser i brød (eller lompe) frå grillen ved klubbhuset.

Neste veke er det tolv yngre deltakarar som skal på ny seanse.

Begge delar er sponsa av Gjensidigestiftelsen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s