Sengane, ny lagune og storkos

Me var sju havstrilar på torsdag. Me sette kursen på nordsida av Hundvåkøy, på nærast flatt hav. Berre litt drag langs land kunne syta for litt rørsle på den stille Krossfjorden. Sengane, ei rekkje homar og skjer med trange sund og vågar er ein av stadane me har trimpoeng i sommar. Holmane var dekorerte med strandnellik og andre blomar, og buskane i skråningane på Hundvåkøya var fulle av grønt vedunder.

Om turen var fin, kom me over fleire døde havsuler, og ei som openberrt var sjuk. Havsule er ein art me nesten aldri treff på turane våre. Her kan det fort ha vore ein samanheng med utbrot av fugleinfluensa (mellom anna på St. Kilda har det vorte funne eit større tal av døde sjøfugl, blant dei havsuler). Me melde funna våre til Mattilsynet, som kanskje sender inspektørar ut for å sjekka.

Ingunn hadde oppdaga noko på Google maps me berre måtte undersøkja under vegs, og ei lagune, ei av dei finaste me har sett, openberra seg som ein gigantisk tidevasspytt. Denne staden kjem på trimturpoanga våre i 2023!

Me bar kajakkane frå Nordre til Søre Navvågen. Eit slit, men verdt ein snarveg på vegen attende. Me tok det med tol og padla i underkant av 10 kilometer. Nokre av oss tok oss òg ein kameratredning på tampen.

Foto: Trond H og Kersti Ø.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s