Me var seks havstrilar, frå dei heilt nyinnmelde til superveteranar som klubbens grand old man (og då meiner ikkje leiaren seg sjølv) som sette ut frå klubbnaustet på torsdagen. Me glei ut til Svartskjeret, dei av oss som har heve oss på trimpoenga noterte oss for poeng. Skjeret som det ofte bryt rundt etter uvêr låg nærast og duppa. Me kunne dermed utan adrenalin stikka kursen ut mot Horgo. Her vartd et ein liten beinstrekk, noko å knaska på for dei som hadde slikt med, før me måtte søkja tilflukt på sjøen igjen: Smikka samla seg aggressivt rundt dei stakkars havstrilane.
På vegen attende til Sveholmen bisna me litt på Olaskjeret. Kjekt å sjå at det vert ny aktivitet på holmane i nærområda våre. Me padla gjennom bakkstraumen og var kunne løfta kajakkane opp på bryggja etter 11,7 kilometer med padling i moderat tempo.
Særleg kjekt å sjå nye andlet på klubbpadlinga 🙂
Foto: Trond H. og Per T.