Glimt frå Heimarkpollen

Havstrilane hadde ein aldeles utmerkt tur på torsdag, trass litt regn som aldri betyr så mykje når me fyrst har drege på oss tørrdraktene, padla me i veg og utforska mange av krinkelkrokane i Heimarkpollen. Me bisna på båtbyggjarstaden Slorkjen, glei gjennom Småstraumane (der dei fleste av oss logga trimturpoeng), før vatnet som skulle ut frå Pollen gav oss litt motstand.

Eit lite høgdepunkt var å studera dei gamle nausta som nett klora seg fast mellom berg og poll, perfekt i livd for vêr og vind. Dei bygde med andre augo i gamledagar.

Blåsterneset med dei pittoreske hyttene sine, eit og anna båtvrak som gjorde sitt for å slita sund idyllen, der underteikna vart litt skuffa over å ikkje treffa på terner som år om anna har klart å fpå fram kyllingar nett utanfor her.

Me fekk oss ein fin tur på i underkant av 14 kilometer.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s