
Alt i dag kan du melda deg på trimpoenga i sommar. Dette er ein konkurranse med seg sjølv og andre om å registrera deg på flest mogleg av perlene me har merka av i applikasjonen. Å lasta ned applikasjonen er gratis, men me har ein symbolsk påmeldingsavgift på 100 kroner, som i alle fall dekkar ein del av deltakarpremiane.
Me har trekning av ein middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri (sponsorgåve frå Asta og kompani) blant dei som har registert flest av dei 20 stadane me har veld ut i år, og eit gåvekort på 2 500 i padleutstyr sponsa av Austevoll kraftlag som me trekkjer ut av resten. Me markerer slutten av trimpongkonkurransen med klubbkveld med god mat, gjerne eit føredrag og trekningar av premiar.
Konkurransen går fram til 30. september.