
Torsdagspadlinga vår var denne veka bytta ut med fyrstehjelpskurs, med fokus på det som mest truleg kan møta oss på sjøen: Drukning, hypotermi og skadar. Alexander MacKenzie frå Raudekrossen på Laksevåg viste seg å vera ein engasjerande og humørfylt kursleiar, trass i eit alvorleg tema.
– Me vonar sjølvsagt at me aldri får bruk for kunnskapen me tileigar oss, sa ein av deltakarane på kurset.
Me vart mellom anna tilrådd å nytta Hjelp 113-applikasjonen frå Norsk luftambulanse. Frå den kan me både ringja etter ambulansen, samstundes som hjelparane får oppgjeve den nøyaktige posisjonen vår når me ringjer, så lenge me er innanfor mobildekninga. Her finn me òg næraste hjartestartar.
– Hugs at applikasjonen må oppdaterast, og flytt han til startskjermen til oppstartsskjermen. Når du treng han og er ute på sjøen, bør du ikkje måtta stå og fikla og bla på mobilen din, sa MacKenzie.
Det var fokus på frie luftvegar (vaffelluktposityren, opp med haka!), korleis me legg pasienten trygt til stabilt sideleie og hjarte- og lungeredning. Me fekk òg øvd på å kasta Tryg-bøye og klubbens eiga kasteline.