Velkommen til Havstrils minifestival 14. – 15. mai

Ekteparet Tommy og Kjersti Turholm er flotte instruktørar i teknikk og gruppedynamikk, med meir. For andre gongen held dei minifestival for oss.

I samarbeid med Turholm kajakk har me utforma dette programmet for årets minifestival. Det er inretta etter ulike ferdogheitsnivå, der andre økta laurdag er skreddarsydd dei komande aktivitetsleiarane våre.

Økt 1 Laurdag 14. mai kl 10:00–14:00 Turnavigasjon, planlegging og padletur. Ope for alle, men krev medlemsskap og avlagt introkurs. Påmeldingslenken.

Økt 2 Laurdag 14. mai kl 15:00–18:00 Planlegging av sundagsaktivitet. Reservert aktivitetsleiarar og den som minst har teknikkurs. Påmeldingslenke.

Økt 1 Sundag 15. mai kl 10:00– 14:00: Aktivitetsleiarane sin forundringspakke. Kva klarar dei vordande aktivitetsleiarane finna på av lått og løye i kajakken? Dette er deia forundringspakke til medlemmane. Krev berre introkurs. Påmeldingslenke.

Økt 2 Sundag 15. mai kl 14:30 – 18:00: Teknikkøving. Du kan lære utrileg mykje stiling med åra i hand. Her der det berre å giva seg med. Krev introkurs. Påmeldingslenke.

Oppstartstidspunkt betyr klart påkledd og klar til å byrja aktivitetane. I hovudsak vil dei vara i tre timar for regulær deltaking, lenger for dei som sklal utdanna seg til aktivitetsleiarar.

I fjor måtte me avlysa minifestivalen av helsemessige årsaker, men i 2020 var det strøymande og positive attendemeldingar frå deltakarane, og eit unisont: Slikt vil me har meir av.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s