
OPPDATERING 17/4/22: Me har vore uheldig med vêret, og det er meldt i overkant mykje vind andre påskedag. Me prøvar å skvisa inn Goddo ein annan dag i løpet av sesongen.
Havstril inviterer til påsketur for røynde padlarar: Goddo Rundt. Det er ein tur på om lag 25 kilometer: Ferje frå Husavik kl 09:00. Sandvikvåg kl 09:20 og Erevik skule ca kl 1015. Då skal me vera i kajakkane og klar for tur kl 11:00. Me vel retning etter vêrtilhøva (dei ser bra ut per sundag 10.) Tørrdrakt er eit krav. Klesbyte, varm drikke og mat og vatn for ein dag … og litt snadder som ein oppkvikkar undervegs.
Jakobshola er spektakulær, ho ligg på vestsida av Utslættøya. Me vurderer den når me er i området. (Blir ein halvtime ekstra med fotografering).