Årsmelding 2021 Havstril padleklubb


Parapadling med medlemmar frå blindeforbundet sitt lokallag på hausten.

Også 2021 vart på mange måtar kraftig påverka av pandemien. For dei fleste padleklubbar betydde det sterk auke i introduksjonskurs og utskriving av våttkort. Slik var det òg for Austevolls padleklubb. Me hadde 66 medlemmar på ordinære introkurs, der mange av dei som deltok hadde tilknyting til Austevoll i form av fritidsbustadar og liknande.

Dermed hadde me òg eit jamt tilsig med medlemmar i løpet av året, og me klarte faktisk å halda medlemstalet jamt oppe på om lag 166, som var rekorden frå året i førevegen. Me tel 87 kvinner og 85 menn i medlemsmassen. 44 er barn og ungdom under 19 fylte år.

Nytt av året i 2022 var at me arrangerte gratis sommarskule over tre  dagar. Barna trong ikke vera medlemmar for å vera med, og dei som ikkje hadde våttkort frå før fekk det skrive ut etter kurset. Det vart mykje lått og moro, trass i at sterk og kald nordavind sette ein viss stoggar for den store kosefaktoren. Me hadde 15 deltakarar og venteliste på arrangementet, der me fekk støtte både frå Gjensidigestiftelsen og Sparebanken Vest sitt eldsjelfond for å gjennomføra.

Etter ei stund med vanskar for gjennomføring grunna einmetersregelen, kunne me på hausten endeleg få gjennomført ei helg med parapadling for ei dryg handfull medlemmar frå Norges blindeforbund, avdeling Austevoll. Me fekk besøk av Espen Raa Nilsen, og både sjåande og padlelosane fekk nyttige erfaringar knytt til organisering både på og utanfor sjøen. Blindeforbundet spanderte super mat til økta, og mange av dei hadde med seg eigne padlelosar. Dette var ei kjekk oppleving me fylgjer opp vidare.

Fitjarøyane i september. Her ved Kråko.

Også i 2021 køyrde me på ny trimturpoengkonkurranse på sommaren. Denne gongen køyrde me med 30 postar, med eit par på kanskje litt for krevjande lokalitetar. Me hadde fine deltakarpremiar i form av eksklusive Havstril-skuggeluer og trekte ut middag for to på gjestgiveriet og eit gåvekort på 2000,- på padleutstyr sponsa av Austevoll kraftlag. Etter evaulering finn med det best å redusera talet på postar til 20, medan me håpar endå fleire lastar ned applikasjonen, registrerer seg og blir med på den supre aktiviteten.

Me markerte slutten av sesongen med sosial samkomst i Frivillighetssentralen i Austevollbadet. Ein stad som er særs god eigna til slikt, med stolar, lite kjøken, prosjektor og læret (staving), og som til alt overmål er gratis for klubbar som vår å disponera. Me hadde invitert Elisbeth frå Tysnes til å visa oss bilete og fortelja om padleferie på Grønland. Mangt eit mektig skode på skjermen.

Medan me måtte kansellera påsketuren vår til Lindåsslusene grunna smittepress i Bergensområdet, var me nær dusinet havstrilar på tur i Fitjarøyane med Liv Bente Storebø som lommekjend lokalguide. Havstrilveteranen, som har vore medlem heilt sidan oppstarten av klubben vår, viste oss alt frå havgap til Kråko. Særleg var det blankskura sundet nordvest ved Skorpo ei openberring, der nokre av oss kunne sjå beint heim over Selbjørnsfjorden då me sklei gjennom.

Den nemde støtta frå SpV gjorde at me kunne kjøpa to brukte NDK-kajakkar frå ei gamal eldsjel i klubben. Dermed trengde me ikkje låna kajakkar på bygda verken til padleskule, parapadling eller andre aktivitetar. Vestland fylkeskommune støtta oss òg med 30 000 kroner, slik at me fekk kjøpt inn ein prima K2 til parapadlinga. Med tre kajakkar inn, har me samstundes på slutten av sesongen seld ein Valley Aquanaut, som var i lite bruk. Med det har me erstatta ein plastbåt med to kvalitetsbåtar i glasfiber.

Me hadde òg ikkje mindre enn to avgangstrinn frå Storebø skule på besøk. Ein ved skuleslutt og ein annan i august, så klassane måtte trekkja ut av klasseromma sine, som enno ikkje var klare. Dette er uansett kjekke seansar både for vaksne og dei vordande ungdomsskuleelevane.

Torsdagspadling med kurs Lunnøy.

Det kan òg leggjast til at Havstril padleklubb har sendt ballen vidare når det gjeld sluttfinasiering på Kystturhytta ved Skårøyane vidare til Bergen og omland friluftsråd, gjennom tilskot frå Vestland fylkeskommune og tippemiddelfinansiering. Havstrilstyret vonar enno på at prosjektet kan sluttførast, men kostnadane er meir enn dobla i forhold til bestillinga me i si tid sendte til arkitektane.

Avsluttingvis kan det nemnast at Havstrilstyret i 2021 ha bestått av Møyfrid (Kalvenes) Dietz, Heidi Lorgen, Rune Hevrøy (nestleiar) og Trond Hagenes (leiar). Varamedlemmar har vore Kersti Østervold, Morten Kvaløy og Therese Melvær.

Valkomité for 2022 er Hans-Petter Bjånesøy og Øystein Vik (aktiv varamedlem).

Havstrilstyret, februar 2022.


Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: