
Dryge dusinet havstrilar og andre gjestar fann vegen til klubbkvelden i Austevollbadet. Me vart med på reise til fjordane sørvest på Grønland og fekk delt ut premiane i årets trimturar.
Elisabeth Hatteberg fekk att pengar frå den planlagde Barcelona-turen saman med ektemannen sommaren 2020. I staden for turen til Katalonias hovudstad gjekk alle grunkane i nytt padleutstyr, og ei interesse som ho flittig har oppdatert fylgjarane sine på Instagram om. Frå grunnkurs, og bylgjesurfing på Jæren, til teknikkurs og deretter altså tur til Grønland. Kajakkens heimland og Eirik Raude sitt vikingrike. Hatteberg fortalde om førebuingar, utstyr og vanskar under vegs, mellom anna leigd kajakk som lak med påfylgjande utfordringar med våte dunsoveposar, sidan pakksekkane ikkje var hermetisk tette.
– Ikea-posane er vel obligatoriske? Eg hadde mine regnbogefarga, så dei vart i alle høve ikkje
Bytta med dei andre sine, sa føredragshaldaren. Ho tilrådde samstundes å merka alle pakksekkane med innhaldet, slik at det vert lettare å finna fram til utstyret du treng.
Vidare stod det klart at med god planlegging, innsikt i navigasjon og kartbruk kan til dømes ein padleklubb sjølv klara å koordinera ein slik tur, framfor å bruka ekstra pengar på norsk guide. Apropos padleklubbar, vitja den norske gruppa òg ein slik på Grønland.
– Fokuser deira var mykje meir retta mot å ta vare på tradisjonar, som handverket. Me trefte mellom anna ein inuit som ikkje likte å padla, men derimot dreiv med kajakkbygging. Rekreasjon, slik me gjer i Noreg, var ganske framand for dei, sa Hatteberg, som òg fekk spørsmål om isbjørn, vêr og temperatur i vatn og sjø der vest.
Trimturpoenga
Padleklubben hadde tinga inn pizza og kaker, og folk hadde med eigen alkoholfri drikke til frivilligsentralen i Austevollbadet. Ein flott arena som klubbar som oss kan booka og disponera gratis. Me fekk dykt (altså småsnakka), grafsa i oss godbitane og delt ut caps til alle deltakarane av trimturpoenga i 2021.
– Me likte ikkje poenga sørvest på Stolmen. Det var for vêrutsett, sa ein av dei som hadde vore på alle punkta.
Hovudpremien, ein middag for to på gjestgiveriet, som vart trekt ut blant dei fire som hadde vore på alle 30 punkta, vart Kersti Østervold. Den andre premien – padleutstyr for 2 000 kroner – trekt ut blant alle deltakarane som hadde registrert minst ein stad, vart Sara Fagerbakke. Sistnemnde havstril i eksil i Tigerstaden. Imponerande!