
Torsdag 25. november 2021 klokka 20:00 på Austevollbadet.
Havstril inviterer til klubbkveld med føredrag om åreleik og ekspedisjon på Grønland ved Elisabeth Hatteberg frå Tysnes. I tillegg blir det trekning av premiar i Trimturane i år, hovudpremien er sponsa av Bekkjarvik gjestgiveri, med eit flott gåvekort på padleutsyr på 2 000 kroner sponsa av Austevoll kraftlag.
Me serverer kake og pizza. Ta med eigen drikke.
Påmelding enten via hendinga på Facebook eller SMS til 98874253 innan 21. november.
Ikkje-medlemmar er velkomne, men må løysa avgift på 250 kroner.