Torsdag 21. oktober 2021 – Austevoll folkebibliotek kl 19:00
Møtt: Rune Hevrøy, Møyfrid Dietz, Trond Hagenes (referent) og Kersti Østervold (vara)
Forfall frå Heidi Lorgen.

Sak 12/21 Justeringar av kontingentar 2022
Idretten forlangar no at all kontigentfakturering skal gå gjennom godkjende system. Det gjer at me kan måtta gjera justeringar i mellom anna introkurs + medlemsskap i fyrste medlemsår, noko som igjen vil resultera i aukande administrasjonsarbeid. Dette er noko som må avklarast med idrettskrinsen i god tid før årsmøtet.
Leiar uttrykte frustrasjon over aukande dokumentasjonskrav, og manglande diversifisering av regelverk mellom mindre klubbar som Havstril og større einingar. Mellom anna er det no òg krav om at mindre klubbar skal ha kontrollkomité.
Sak 13/21 Kystturhytta
Oppdatering: BOF kjem meir på banen og fylgjer opp mellom anna med søknad til Vestland fk om midlar og tippemiddelsøknad. Leiar hadde teamsmøte med kommune og BOF den 14. oktober. Alle partar er interesserte i ei løysning og å få gjennomført bygginga. Havstril har så langt brukt mykje tid på dispensasjonssøknad, skaffa arkitektteikningar og hatt dialog med kommunen om OPS-samarbeid. Me er nøgde med at BOF fylgjer opp saka.
Sak 14/21 Aktivitetar 2021 og ‘22
I år har me mellom anna hatt sommarskule og etablert samarbeid med blindeforbundet om parapadling. Begge delar ser me for oss å vidareføra i 2022. Me kan òg diskutera moglegheita av å dela grupper i sommarskulen i to, til dømes med at dei yngste får ein seanse og dei som er i ungdomsskulealder får eit anna opplegg. For padlinga for blinde og svaksynte lærte me ein del av kurset i år, og veit betre korleis me kan tilretteleggja neste år.
Me vil vidareføra Trimturpoenga i 2022, men med 20 turmål . Vurdera dei mest eksponerte turmåla, sørvest av Stolmen fungerte dårleg/var for krevjande i år. Ha fleire trimpoeng nær klubbhuset.
Det trengst å gjera henting av klubbkajakkar enklare på torsdagspadlingar frå andre stadar enn klubbhuset. Havstrilhengjaren må vølast og gjerast klar. Rune Hevrøy ser på den og fylgjer opp om han treng å sjåast på av verkstad.
I år har me hatt mange padlarar gjennom teknikkurs. Tilrettelegg for aktivitetsleiarkurs mai/juni 2022. Trond kontaktar Morten Nyborg, som hatr hatt eit slikt kurs for oss for før.
Med fleire aktivitetsleiarar kan me lettare fylgja opp ungdomspadling og har breiare klubbtilbod. Talet på tilgjengelege aktivitetsleiarar har lenge vore den fremste flaskehalsen hos oss.
Tur til Fitjarøyane vart suksess. Kan gjerne sjå på turar som Goddo rundt i same området i 2022.
Sak 15/21 Økonomi
Me har for tida tilfredsstillande økonomi, men me kan godt jobba for å få inn nokre sponsorkroner på slutten av året.