Korleis er det å padla når du enten ser dårleg eller er heilt blind? Dette vart eit spørsmål som den nye padlelosane i Havstril padleklubb fekk tyggja litt på helga me hadde kurs for dei. Mykje handlar om å ha eit felles språk, for eksempel er det lettare å sei padla høgre, meir høgre enn at me skal til klokka 15 – sidan dei blinde ikkje han ha det faste punktet i terrenget som referanse.
Det var Espen Raa Nilsen som hadde kurset for oss, som for mange vart ei oppfrisking og for nokre eit fyrste møte med kajakken. Denne gongen vart det lagt opp til eit slags utvida introkurs, fokus på vasstilvenning og redningsteknikkar laurdagen og ein liten tur på sundagen. Underteikna sin rygg streika laurdagen, men fekk vera med på sundagen. Mest som aktivitetsleiar med fokus på å samla flokken og finna vegen der forholda var litt utfordrande, men ikkje for utmattande. Det slo meg at verken sidevind, bylgjer eller andre utfordringar var nok til å vippa padlarane av pinnen.
Medan det på laurdagen hadde vore to grupper, slo me dei saman sundagen, grunna aukande styrkje i vindvarsla. Då me padla innover mot Sveholmen i 8-9 stabile sekundmeter rett i mot, vart det klart at det var ei rett avgjerd.
– Eg fekk ei veldig fridomskjensle, sa ein av deltakarane då me naut ein curry med ris blindeforbundet hadde tinga frå ein lokal kafé.
Nærleiken til elementa og kor mentalt avslappande det på underlegvis er å måtta fokusera på vind og bylgjer, balanse og kjenna vinden i det eventuelle håret du måtte ha, er noko òg me sjåande kjenner på ute i kajakken.
Gruppa med sjåande og svaksynte er ikkje homogen, heller. Nokre har lyst å padla eit par-tre gongar saman med gruppa si, medan andre har lyst til å vera aktivt deltakande på torsdagspadlingar. Når ein har eigne padlelosar vil begge delar vera mogleg å organisera, samt at ein lett kan vera med på torsdagspadling når me har K2ar, der den sjåande helst kan vera styrmann.
Me kom fram til at me skal ta eit oppfriskingskurs til våren, som me håpar passar for alle dei blinde eller svaksynte som har lyst å komma seg ut i kajakken, samt padlelosane frå klubben. Det flaska seg ikkje heilt for tre–fire av dei heller, ved denne krossvegen.
Parapadlinga vår i 2021 er støtte av Austevoll kommune og Vestland fylkeskommune, som mellom anna har sett oss i stand til å kjøpa inn ein ny K2.
Tekst Trond H. / Foto: Blindeforbundet avd. Austevoll.