Nokre stadar opnar terrenget seg, der du sjølv på kort avstand kanskje ikkje skulle tru det kunne det, og eit sund som berre rommar ein kajakk opnar seg opp. Ved Siggjo er ein slik kanal. Me padla smått mållause gjennom det tronge sundet, som er vendt mot nordvest. Det fyrste eg såg var den umiskjennelege forma av Furen, deretter Stolmalandet og søre Selbjørn på hi sida av fjorden. Landskapet var ramma inn i lett raudfarga granitt, medan tørka på ettersommaren nok har gjort sitt for at lyngen ikkje blomstra i purpurtonane, slik han gjerne pleiar på denne årstida.
Det var sju kajakkar på biltaka ved Husavik klokka 9 sundag, men me skulle komplementerast av lommekjende Liv Bente, som har hytte på Kråko – og Ingunn og Øystein som hadde vent nasen mot Fitjarøyane i båt. Då me kom til Port Steingard, var me raske i kajakkane, og det var lettare å sjøsetja no enn tidlegare. Takka vera ein relativt nyutsett flytebryggje.
Litt som heime
Fitjarøyane liknar mykje på landskapet me finn i mange delar av Austevoll. Øyane og holmane kjem kanskje endå raskare, medan det som er av bygningar i hovudsak ser ut til å ha vortne plasserte med nennsam hand – med omsyn til terrenget.
Ruta Liv Bente på førehand hadde teikna gjekk mot klokka, gjennom dei grunne bankane mellom Eldøyane, innom vika nord på Ivarsøy og gjennom straumane ved Engesund. Me fekk solglytt og det var påtakeleg at sommaren likevel var over. Det var knapt andre skrog å sjå på vegen.
Siglo vart eit spanande bekjentskap, sjølv om me berre padla på sørsida. Her var det båtoppdrag, ein bitteliten grunn kanal som me så vidt kunne gli gjennom. Det var fiskebåtar og nokre sjarmerande, og delvis falleferdige sjøhus før me kom til det nesten usynlege innsmettet med utsikt til Selbjørnsfjorden. Dei bratte berga gje nok sjøen utfordrande her på dagar med nordsvind og drag. Då me glei ut hit var det stille, i livd og sjøen likna mest på eit stovegolv. Me kunne smila og dra inn den dramatiske naturen med djupe magadrag friske havluft, før me kunne setja kursen sørover og gleda oss til matbiten planlagt på Langøya.
Namnet kjemmer ingen
Kjekt er det òg å vita at austevollingar er sterkt delaktige i at kystlandskapet på Øyane vert halne i hevd. Her er det villsau og mange av øyane vert skjøtte med lyngbrenning med jamne mellomrom. Slik er det visst og ved Langøy, der Friluftsrådet Vest skal ha tilrettelagt sørdelen av øya. Til seinare er det verdt å merka seg at det er gode, romslege teltplassar, tilrådd av Finn Bakke i den utmerkte boka si Padling i Fitjarøyane.
Etter skiver og ein kaffitår, sleit me oss gjennom Avløypet. Namnet skjemmer ingen, det er Selma denne gang? Uansett, med straum og motvind som vart stadig friskare. Mellom Straumsøy og sørspissen av Ivarsøy fekk skroga våre vaska seg, og me kunne til og med helsa på ein liten bøling påleggskalvar. Då me runda Hjelmen, etter nokre hundre meter med god surf, takka Ingunn og Øystein for seg. Og me kunne senka skuldrane og padla inn til Port Steingard i ettermiddagsbrisen.
Me padla i tre timar og 41 minuttar – tilbakela 17,5 kilometer. Snittfarten vart 4,8 kilometer i timen, medan pausen me la inn på Langøya var i underkant av 30 minutt.