Fine turmoglegheiter i sør

Grå granitt, kvite og svarte måsar og havblikk på søre sida av Selbjørn bar bod om gode padleforhold for to havstrilar som ville bruka fredagen til å utforska delar av øyane me ikkje kjenner for godt frå kajakken. Me var innom Valesvika og den gamle husmannsplassen Hottvik og logga trimturpoeng. Det siste litt av ei perle, og sjølv utanfor dagens allfarveg, kunne det ha vore rett så naturleg å etablera utegard her på tidleg 1800-tal. Nokre av innehavarane har òg nyleg vore på padlekurs med oss på Sveholmen.

Etter Torsteinskyrkjene var det slutt på stilla. Frå storhavet rulla bylgjene inn, utan å bryta – men store nok til å laga rikeleg med refleksbylgjer nær Vindkjeften. I utgangspunktet hadde havstrilduoen planar om å padla til Sørvika og logga to stadar til i trimturpoenga, men med såpass heftig og rotene sjø, sette me i staden kursen for Stolmavågen for å leggja ny slagplan og innta lunsjen vår. På land stod Endre Tufteland og inviterte oss opp på terrassen sin på Gåsneset. Dette er staden der bygdeskalden vår, Johan Tufteland, vaks opp. Han var mannen bak fleire diktsamlingar, bygdebøker og historiske skrifter.

Plan B vart å padla attende til Juthola via Lunnøya og Slåttesteinen. Noko straum vart det på vegen, men bylgjene frå dei eksponerte havområda var borte. Endå betre var det etter me kom på austsida av Lunnøya, der me fekk surf i baken, og deretter vind og straum på vår side attende til utgangspunktet.

Ein må sjølvsagt alltid sjekka vêrmeldingane, men òg vera i stand til å skifta planar om forholda vert meir utfordrande enn planlagt. Ved denne krossvegen var det meir ryggen til Trond enn dei tekniske utfordringane som gjorde at me sette kursen i annan retning.

Totalt padla Morten og Trond 25,1 kilometer på 4 ½ time.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s