Bli med og utforsk skjergarden!

Kva med å bli med på padleklubben sitt Trimturpoeng-opplegg? Alt du treng er ein smarttelefon, høve til å lasta ned Trimpoeng-applikasjonen og ein 100-lapp i deltakaravgift? Du får uansett ein kul Havstril-cap som deltakarpremie om du berre loggar ein einaste av plassane våre, og blir med i Trekkinga av kule premiar.

Dette er ikkje i utgangspunktet ein konkurranse, sjølv om instinktet nok blir vekt hos einskilde. Me har vald ut 30 av dei finaste plassane me veit om i Austevoll, frå Ryarbåsen på Krossøy, via Saltsjersholmane til Valesvika på Selbjørn.

Trimturpoenga sin heimeside finn du her.

Opplegget er ope fram til 15. oktober.

Leave a comment