Sjølv ikkje torden og lyn kan stogga havstrilar på tur, særleg viss dei kan søkja naudhamn i Bekkjarvik og drikka kaffi på Smakeriet medan Tor og hammaren hans rir over dei gråblå skyene over det gamle kremmerleiet. Etter drøs og dyk under, tak tok me småskeptiske årene i hendene igjen. Då me kom gjennom Bekkjarviksundet, forbi Sjøtroll-bygget, skein sola på dei ytste øyane.
Me fekk logga trimturpoeng ved Slåttesteinen ved Kalvaneset, utan at me skal plaga lesarane med fleire anekdotar frå krigen. Deretter sette me kursen over fjorden i retning Lunnøy, men innom Litlalunnøya. Ein pen plass, må vita. Fjorden låg roleg som eit stovegolv, ganske sjeldan det er slike forhold her ute.
Underteikna lærer òg nye uttrykk og utvidar ordforrådet sitt på padletur. Dagens lærdom var “å hegda” over noko, sjølv om akkurat dette ordet står i ordboka. Tidlegare har eg lært meg kva “ei bine” er, det vil seia noko slik som ein “vederkvegelse.”
I Snabbøksundet fekk me stogga og logga fleire trimturpoeng, før me tok eit kjapt strandhogg på Lunnøya. På turen fekk me fylgje av mange raudnebbterner (eller makrellterner, vanskeleg å sjå forskjell på artane). Det var òg fint å sjå mange ulike måseartar, særleg eit par svartbakar som tok til vengene like framfor oss.
Totalt fekk med padla 15,2 kilometer (eller dei som padla frå Vestre Vinnesvågen 20,2 km). Me padla om lag i tre timar, og hadde to kaffipausar under vegs.
Tekst/foto: Trond H.
