Nye kajakkar i Havstril-flåten

Nyekajakken, som er ein pent bruḱt NDK Romany Surf. Passar for dei litt kraftigare av oss, men ikkje i same divisjonen som Romany Excel.

Me har kjøpt inn to pent brukte kajakkar, som mellom anna gjer det lettare for oss å arrangera større arrangement, som padleloskurs og sommarskulen for barn. Kajakkane har på sett og vis vore i opplag hos ei gamal Havstril-eldsjel, og me har fått kjøpa dei for ein pris som er god for oss.

Før øvrig var det seks havstrilar på torsdagspadling denne veka, i striregnet. Likevel var det ein fin tur, og fleire plukka årets fyrste trimpoeng.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s