
Rune og Trond tok i mot sjuandeklassane frå Storebø skule på Sveholmen fredag. Til saman var dei nesten 40 elevar, og alle som ville fekk prøva seg i kajakken – og fann seg raskt tilrette i den slanke farkostane våre. Me hadde nesten alt av utstyr i bruk med opptil 15 kajakkar på sjøen samstundes.
Vêret spelte òg såpass på lag med oss, at regnet fyrst kom i små mengder når dei vordande ungdomsskuleelevane vart plukka opp av foreldra.
Ungdommane koste seg elles med bading, SUP-brett, og om det ikkje var grilling, hadde Malin og dei andre frå skulen i alle fall ei løysning i bakband, slik at det vart pølse i brød til og med med sprøsteikt lauk.