Trimpoeng: Padleturar i Austevoll ope for påmelding

Ver merksam på vêr, vind og straum når du planlegg turar til dei meir eksponerte stadane i årets Trimpoeng, som no er open for påmelding.

Frå 15. juni kan du byrja plukka Trimpoeng i øyriket vårt. For tredje året på rad har me ein slik uhøgtideleg konkurranse med oss sjølve. Hans-Petter Bjånesøy var ein av dei som fekk blod på tann i fjor, og trass i ein jobb som bringer han rundt om mange stadar i kommunen, hadde han dette å seia om turmåla i fjor.

– Eg hadde aldri funne ein stad som Valesvika sør på Selbjørn om det ikkje var for trimpoenga, sa han.

Me har plukka ut mange stadar me synest særleg om, og har spurt medlemmane om hjelp til å plukka ut nokre av sine favorittar. Totalt har me enda opp med 30 stadar på kartet, nokre av dei utilgjengelege i nær sagt alle andre fartøy enn kajakken, medan andre kan vera velkjende for dei som fartar rundt og gjer strandhogg med småbåtar om sommaren.

Trimpoenga går fram til 15. oktober, så du har god tid til å plukka poeng. Du treng berre å lasta ned trimpoeng-applikasjonen og registrera deg i årets konkurranse. Du finn konkurransen si heimeside her.

Me har fått hovudpremiar frå Bekkjarvik gjestgiveri: Ein middag for to og gåvekort på padleutstyr for 2000 kroner, sponsa av Austevoll kraftlag. Den fyrste vert å trekka ut blant dei som har flest registrerte turar, den andre blant alle deltakarane. Mekk Austevoll har òg sponsa oss med ein premie. For dei som registrerer seg for minst ein tur, ventar det deltakarpremie i oktober.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s