Fin-fin tur til Horgo

Austrevågen, Horgo.


Seks havstrilar på tur frå Sveholmen i lett nordavindsbris ved låg vasstand. Me vart samde om at Horgo ikkje var utanfor rekkevidde, og sette kursen i retning nausta i Austrevågen. Innanfor er det ei pen strand og endå lenger inne lett lende å bera kajakkane over til den langgrunne Vaula.

Om sjølve Horgefjorden kanskje er mest som ein transportetappe, er Horgo ein liten juvel som mange havstrilar vil trykkja til bringa. Me drog opp kajakkane våre i stranda lengst inne i Austrevågen, pakka fram snacks og drikke og kunne ta ein kort pust på svaberg og steinar mellom det eirgrøne horgograset.

Ut Vaulo, stille, stille. Berre våre eigne stemmer og vinden som spelte litt i åreblada før me sette kursen nordover. Vinden og bylgjene fekk ikkje tak og me kunne kosa oss i retning Horgekalven, og tek ikkje hobbyornitologen feil fekk me selskap av eit par kongeørner. Kanskje freista dei å jakta lam på Horgo?

Horgefjorden i rullande bylgjer og motvind var ei lita øving i tålmod, men me kom oss i livd på hi sida, og kunne leika oss litt med den vesle alda mellom skjer og holmar, før me kom til blikkstille sjø ved Spissøy. Temmeleg nøyaktig 3 1/2 time etter med sette årene i blåmyra kunne me rett så nøgde stiga i land ved klubbhuset.

Strandhogg. Foto: Ingunn Berge Vik.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s