Referat, styremøte Havstril padleklubb

Mandag 3. mai 2021, kl 20:00, Austevoll forlag, Storebø

Møtt: Rune Hevrøy, Møyfrid Kalvenes (via Skype), Kersti Østervold (varainnkalt) og Trond Hagenes (referent). Forfall: Heidi Lorgen.

Saksliste:

6/21: Økonomi

Leiar informerte om klubbens økonomi. Støtte mellom anna frå Sparebanken Vests Ildsjelfond, Austevoll kommune og Vestland fylkeskommune retta mot ungpadling og parasatsinga vår gjev god pengeflyt.

Har søkt om midlar frå Austevoll kraftlag til Kystturhytta vår.

Så langt i år har me handla inn ny K2 og padlevestar.

7/21: HMS-plakat

Det vert det tinga skilt som me skal setja opp to stadar i klubbnaustet.

1 Den som padlar skal ha minimum NPF-våttkort med introkurs. Unnatak kan gjevast av aktivitetsleiar eller ved eigenerklæring.

2 Padlaren skal ha løyst medlemspengar.

3 Flyteplagg skal til ei kvar tid nyttast i kajakken.

4 Kle deg etter temperaturen i sjøen.

5 Ta alltid omsyn til vêr og vind.

6 Hugs: Tur etter evne.

7 Sjekk at spruttrekket ditt passar til båten du brukar.

8 Unngå helst å padla når det mørknar, men ta med deg lanterne og hovudlys viss du er ute når det mørknar.

9 Er du under 18 år, padla saman med nokon som er eldre enn deg.

10 Ta med deg mobil, slik at du kan kontakta andre ved uhell.

11 Det må alltid vera minst ei reserveåre i eit padlefylgje.

12 Padlar du åleine må du kunna eigenredning (eigen- eller cowboyredning eller annan form for reentry).

13 Ved klubbturar skal det alltid bringast med fyrstehjelpsutstyr.

Vedteke samrøystes.

Sak 8/21 Utlånsreglement Havstril pk

Utlånsreglement:

1 Den som lånar utstyr skal ha betalt kontingenten og retta seg etter klubbens HMS-reglement.
2 Logg om utlån skal fyllast ut før ein tek ut utstyr.

3 Utstyr skal handsamast med varsemd under bruk og transport, dersom utstyr vert skadd grunna manglande aktsemd, skal lånar kosta erstatning eller reperasjon.

4 Kajakkar og medfylgjande utstyr kan lånast for ulike tidsrom, men maksimalt tre døger i strekk. Ved kurs skal etc. skal alt utstyr vera attende i klubbhuset.

5 Alt utstyr skal spylast med ferskvatn etter bruk. Kajakkar skal lagrast med lasteluker av. Vatn i cockpit skal tømmast før utstyret lagrast.

Vedteke samrøystes.

Sak 9/21 Aktivitetane 2021

Fyldige aktivitetar i 2021. Styret diskuterte innhald på fylgjande punkt:

UNGpadleskule i fyrste ferieveka. Maks 15 deltakarar.

Samarbeid med Blindeforbundet – padlelos.

Teknikkurs

Minipadlefestival

Aktivitetsleiarkurs på hausten?

Torsdagspadlingar

Introkurs etter etterspurnad (mogleg oppdrag for Raudekrossen)

Trimpoengturar 15. juni – 15. september

Moglege turar ut av kommunen, Fitjarøyane i haust.

Sak 10/21 Framdrift kystturhytta

Leiar informerte om mogleg framdrift, anbod som let venta på seg

Mogleg opning mtp på anbod. Sender byggjesøknad i løpet av juni om me får tilsegn på meir finansiering.

Sak 11/21 Eventuelt

  1. Digital utlånslogg frå padleboken.no. Styret er innstilt på å innføra denne, men skal evaluerast etter gjennomgang på Teams e.l. Leiar tek kontakt med Haugstulen / padleboken.no
  2. Representant to idrettsrådet Møyfrid Kalvenes tok opp om me har saker som bør leggjast fram for årsmøtet i Austevoll idrettsråd, AIR.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s