Sjelebot på kjøl

Nokre gongar slår ikkje vêrmeldinga heilt til. Sjeldan blir det eit varmt og nærast vindstille resultat, slik som klubbpadlinga torsdag. Me tok ut frå Vasseidet, og merka snart at det å vera kledd for sjøtemperaturen stilte krav til pusteevna til tørrdraktene våre. Varmt og vårleg.

Medan tjelden flaksa frå nes ti bukt framom oss, tok me Kumleøya i nærare augesyn. Framleis står gamle fortøyingsbøyar og korroderer raudoransje, og vitnar om ei tid då handamark og seglføring var det som sytte for transport av fisk, varer og menneske langs denne Nordvegen vår.

Dagens turmål var Saltskjersholmane, juvelane utanfor Kolbeinshamn. Med fullmånen hadde me igjen utruleg låg vasstand, og me kunne gå mange meter på tørr grunn før me fann oss ein plass i sola, og slikka i oss strålene for den lysande skiva, som var i ferd med å bikka nedom trea ved Sauaneset og Storebø. Tursjokoladen vart fiska fram og me diskuterte glede og aversjon ved skisporten!

Attende tok me ruinane frå den gamle saga nedanfor vatnet med den fantasifulle namnet Sagvatnet i nærare augesyn. Sal me tru kommentarar frå fjesboka, var det drift her for hundre år sidan. I dag vitnar dei tørrmura fundamenta om skogsdrift på den sida av Austevoll som gjekk fri frå den vemmelege sitkagranen.

Me kom oss attende då skuggane vart lange, men hadde ei strålande oppleving, slik turar til Saltskjersholmane som oftast er.

Foto: K. Østervold / Tekst: T. Hagenes

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s