Så var våren komen

Ekstrem flo, ei varmande vårsol, tjeld som flaksa frå nes og nes var bakteppet på årets fyrste torsdagspadling frå Sveholmen. Me var fem havstrilar i fylgjet, to av oss aktivitetsleiarar, og resten relativt ferske havstrilar. Me padla roleg til Navøyneset, der Krossfjorden låg som det reinaste stovegolvet, før me sette baugane mot dei smale passasjane ved Sengane.

Me tok ein luten pust i kajakken ved friluftsområdet i Nordre Navvågen, før me drog kajakkane over den tronge passasjen til Søre Navvågen. Framleis med rekortlåg vasstand. Deretter padla me ein sjarmøretappe og kutta mellom dei to skjera like utanfor Barmen. Ofte skummar det dramatisk på dette skjeret, men sjeldan har vel Horgefjorden vore så roleg som akkurat denne kvelden.

Om ei veke set me nok ein gong Sveholmen som padlestad. I kajakken klokka 18:30.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s