Heimarkpollen i kald aprilvind

Med nordavinden som sette ein effektiv stoggar for planane våre for å padla rundt Lunnøy, bestemde me oss til å padla Heimarkpollen i staden. Rettnok er skjertorsdag kanskje ikkje den mest utprega padledagen i året, men me var tre forhutla sjeler som sette årene i blåmyra like før klokka 18.

– Dei fyrste 200 åretaka kjenst mest ut som du vil døy, men så løysna det. Når du vert eldre, ser du nytta av oppvarming, kom det frå ein av oss.

Me var innom Slorkjen, tok oss full vart i medstraum gjennom Småstraumane, som nærma seg fjøra. Litt som Brødrene Dahl på jakt etter professor Drøvel, glei me ut og sette baugane mot Hyltropollen, som framleis har nokre få etterlatenskapar etter oppdrett. Ei stikke hadde vore bra å sett i bygga (men no skal me ikkje oppfordra til pyromanisk aktivitet). Morten diska opp med kaffi og sjokolade som eigentleg skulle gått til julebukkane som vel hadde koronakarantene?

Vegen innover vart rett og slett som å vera hamster laupehjul. Me satsa på hovdstraumen, men midt i var det straumvirvlar og fart som sikkert nærma seg både fire og fem knop. Til slutt klarte me å finna ei opning heilt aust i straumen, bita tennene saman og kjempa oss opp høgeforskjellen på nokre centimeter den aller siste meteren.

Nøgde, og rett så slitne, sette me kursen attende til Kjempefaret.

Torsdag i partalsveker er det padling frå Sveholmen. Fyrstkomande 8. april må me vera i båtane klokka 18:15.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s