
Inger Anne Mortvedt ser fram til å få padla meir – og ho har mange i same gruppe som vil vera med!
Saman med Blindforbundet Austevoll skal Havstril padleklubb i gang med eit tilbod som me vil kalla padlelos, som kort sagt blir at me treng ein sjåande assistent eller rettleiar til kvar av dei svaksynte. Me skal allereie den siste helga i mai ha eit såkalla ledsagerkurs, der me får Espen Raa Nilsen ut til å ha kurset.
Inger Anne Mortvedt er ei av dei som har lyst å padla meir, sjølv om ho for lengst har vore på padlekurs på Sveholmen.
– Me har veldig lyst å komma i gang, og håpar at det melder seg folk som har lyst å vera ledsagarar, seier ho til padleklubben si nettside. Ho kjenner alt Espen frå kurs frå før, og han er heller ikkje ukjent med Sveholmen.
For dei som vil bli padlelos kan me arrangera introkurs, eller oppfriskingskurs i mai før me held ledsagarkurset. Det viktigaste er at me har folk som har lyst å assistera den flotte gruppa med ressursrike svaksynte til å oppleva austevollskjergarden frå kajakken.
Me har kjøpt inn ein K2 tandemkajakk som denne veka vart henta til Austevoll, og me kjem til å tilretteleggja klubbhuset litt betre til å enkelt henta ut dette utstyret.
Meir informasjon? Send e-post til info@havstrilpadleklubb.no