Referat styremøte Havstril pk

torsdag 21. januar 2021, Kontorsenteret, Storebø

Møtt: Karina Sandtorv, Trond Hagenes (referent). Deltok på Skype: Heidi Lorgen. Forfall: Rune Hevrøy (for seint å kalla inn varamedlem).

Sak 1/21

Klubbøkonomi 2020: Balanse på kr 202 000 ved årsskiftet. 59 200 er reelt balanse, resten er øyremerka kystturhytta. Me har betalt 68 750 for arkitektteikningane. Styret tek melding om økonomi til etterretning.

Sak 2/21

Årsmøteførebuingar: Årsmelding er lagt ut, rekneskap med revisjon skal vera ferdig innan 10. februar, styret legg inn forslag om uendra kontingent. Diskuterte fullmakt for å ta opp lån på inntil 250 000 kroner til kystturhytta, men kom fram til å kalla inn til ekstraordinørt årsmøte når trongen oppstår. Styreleiarhonorar vert forslått til 10 000, valkomitéen er på det næraste ferdig med si innstilling.

Sak 3/21

Samarbeid med blindeforbundet, avd Austevoll. Heidi Lorgen og Trond Hagenes informerer om framdrift. Søkjer Vestland om støtte til kroner 30 000, klubbens styre fatta vedtak om å løyva 30.000 frå årets budsjett til innkjøp av stabil K2 iht søknad. Invitera til kurs ved Espen Raa Nilsen for dei som vil vera ledsagarar til blinde og svaksynte.

Sak 4/21

Aktivitetsplan 2021. Breiare kurstilbod teknikk- og aktivitetsleiarkurs, turar for ungdommen, Turholm kajakk m/ minifestival. Eit stort poeng å få opp fleire aktivitetsleiarar når klubben veks. Satsar på eit mindre arrangement/ fellespadling i samband med vårryddeaksjonen 13. mars. Karina Sandtorv meinte Den nasjonale strandryddedagen var eit positivt arrangement å vera med på for dei unge. Sjekka opp når dagen vert kunngjort, og vurdera i samband med covid-19-situasjonen. Må få på plass lågterskeltilbod frå Sveholmen.

Sak 5/21

Eventuelt: Leiar gjorde greie for framdrift og problemløysing i samband med kystturhytta på Skårøyane. Styret tok utgreiinga til orientering.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s