Me har funne fram til 25 lokalitetar kring øyane me meiner du bør besøkja i løpet av sommaren. Det er Fugløy i vest til Saltskjersholmane i aust, det er Krossøy og Blænesøya. Konseptet er enkelt – du lastar ned Trimpoengapplikasjonen til mobilen sin, deretter melder du deg på Sommerturer i Austevoll 2020 og betalar deltakaravgifta på 100 kroner.
Du kan velgja å konkurrera med deg sjølv, eller sjå om du klarar å komma deg heilt til topps. Blant dei som klarar alle, eller flest turar, vil me ha ei trekking av ein middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri. For alle som gjennomfører minst ein tur, ventar det ein flott deltakarpremie.