Årsmelding 2019

2019 var eit år der små, men viktige endringar skjedde i Havstril padleklubb. Kanskje viktigast av alt var at me endeleg fekk vatn kopla på frå den vanlege leidningsnettet i Austevoll. Sidan me flytta inn på Sveholmen, har me vore prisgjevne takvatn og ein utvendig sisternetank som eigentleg berre har vore ein utvida naudløysing. Med vatn frå springen, som ikkje må skruast av for vinteren, har me no fasilitetar som kan brukast heile året. Det inkluderer òg høve til å dusja (ein og ein) og moglegheiter til å utvikla klubbhuset i ein positiv retning utover å vera eit utstyrslager. Takk til Austevoll vatn og avløp for arbeidet og Bergen og omland friluftsråd for å ta rekninga. Sjølve har me investert i dusjfasilitetar, med sjølve kabinettet var ei gåve frå Odin Group. Me har òg sett inn garasjedør i kajakklageret, mellom anna grunna lekkasje av vatn og regn inn den gamle løysninga. Samla sett ser me difor ei ganske stor auke på rekneskapen for 2019 i kostnadar knytt til klubbhuset.

O%s1lVsOTwGl0A83k0eUjA

Me har òg staka ut ein intensjon om å vera ein klubb som meir aktiv er ein medspelar for å utvikla friluftslivet i Austevoll, og er med på å laga tilbod utover den betalande medlemsmassen. Eitt av tiltaka var Trimpoeng-tevlinga i sommarmånadane, som var overmåte kjekt for ein prøvestein å vera. Me hadde relativt god deltaking med eit krus som deltakarpremie. Det var Øystein Vik som trona øvst på lista, men han var ikkje med i trekkinga av middag for to på gjestgiveriet, sidan han er styremedlem i klubben.

 

LqFkZoIsQMmwVmia5tJ6NQ

 

Padleforbundet er med på å rulla ut ei padlelei med padlehukar kring kysten på Austlandet. Dette har dei fått midlar til der aust, og har inspirert Havstril til å søkja å vera tidleg ute i Austevoll òg. Me fekk strålande nyhende på Sparebanken sin Hjartebank-konsert i Austevollhallen, der Øystein Vik og Trond Hagenes måtte opp til Solveig Kloppen og henta 75 000 kroner. Ein glitrande start på vårt eige padlehuk/dagsturhytteprosjekt. Før jul var me på synfaring med arkitekt frå Biotope, eit firma som har gjort seg merka langt utover Noreg med grensesprengjande arkitektur. Lokaliseringa vert i eit av BOF sine friluftsområde og me har allereie ein strålande dialog med Austevoll kommune om prosjektet vårt.

 

Kva så med sjølve padlinga? Me hadde stabil etterspurnad etter kurs både for ungdom og regulære seniorar. Det var gledeleg at såpass mange av dei som hadde teke kurs òg tok kuren med på torsdagspadlingane våre, som jo er meint å vera kose-seansar for både ferskingar og dei av oss med meir fartstid. Me hadde på dei meste dusinet fullt på turane våre, medan det gjerne på snittet låg mellom fire og fem padlarar.

 

Padleklubben har dei siste åra hatt utfordringar med å gje eit jamt godt tilbod til ungdomspadlarane i klubben. Til dette treng me truleg nokre foreldre til å støtta opp og gjerne kursa seg opp til aktivitetsleiarar. Når det er sagt har det vore for liten respons til oppsette padlingar, som kan henda krasjar med andre fritidsaktigvitetar for aktive ungdommar?

aClk+WeFTnyGteoutaw

 

Påskepadlinga var ei kjekk oppleving, med Liv Bente som guide i Fitjarøyane. Me fekk relativt frisk vind på turen, der me mellom anna tok matavbrekk nord på Ivarsøya. Vonleg blir påsketuren ein liten tradisjon. Året i førevegen gjekk turen til kanalane gjennom Bømlo. Noko me ikkje gjennomførte i 2019 var deltaking på den nasjonale strandryddedagen i klubbregi. Me hadde godt oppmøte dei to fyrste åra me var med, men det tredje vart det for glissent, og med mykje arbeid for å skaffa folk. Kanskje kan det verta aktuelt å ta opp tradisjonen igjen i 2020, dersom koronasituasjonen mjuknar opp.

 

I 2019 hadde padleklubben 124 registrerte medlemmar. Av dei var 59 menn/gutar og 65 kvinner/jenter. 30 av medlemmane var under fylte 19 år.

 

Havstrilstyret mars, 2020

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s