
Sidan padleklubben har hatt kajakkar og seinare overtok bygget på Sveholmen i ei åremålavtale med Bergen og omland friluftsråd har vatn i springen vore ei utfordring. Takvatn, sisternetank og eiga pumpe vore ei utfordring – som òg har vore ein effektiv stoggar frå å vidareutvikla klubbhuset til noko meir enn eit utvida lager for utstyr. Realiteten har vore null vatn om vinteren, pumper som har vore lite driftsikre og trong for hjelp til å fylla tanken (for det siste takkar me hjarteleg dei som har stilt opp).
Dei siste månadane har styret i padleklubben initiert dialog med Austevoll vatn og avløp, Austevoll kraftlag og Bergen og omland friluftsråd om ei løysing der vassleidning vert lagt fram frå sjøen ved Navøy og fram til holmen vår. Dette blir no ein realitet frå hausten av, og vert kosta av BOF. Dette er padleklubben særs takksame for, og tiltaket vil gje oss heilt nye høve til å leggja til rette for ulike aktivitetar på holmen òg i den mørke årstida.