Sveholmen 20. mars 2017 kl 19:30
Desse møtte: Rune Hevrøy, Marius Taraldsen, Øystein Vik og Trond Hagenes (referent).
Forfall: Stina Nordbak. Vararepresentantar inviterte til møte, kunne ikkje møta.
Sak 0717: Godkjenning av referat frå førre møte
Referatet vart godkjent.
Sak 0817: Status økonomi
Låg likviditet i starten av året, men har betalt faktura til forfall, inkludert førehandsbetaling av NDK Romany Sport.
Sak 0917: Klubbhus, status søknadar og dugnad
Leiar informerte om tankar knytt til søknadar til støtte for vidare rehabilitering av klubbhuset – andre etasjen. Søknadar vert sendt i løpet av mars-april.
Dugnad: Nytt styremedlem Øystein Vik tek ansvar for å koordinera noko dugnad, m.a. litt fliselegging i garderoben før nytt dusjkabinett vert installert. Noko arbeid må påreknast i tekstillageret òg.
Sak 1017: Klubbutvikling
Hagenes tek kontakt med Npf for å invitera representant derfrå til klubben for å inspirera til klubutvikling.
Sak 1117: Eventuelt
Marius Taraldsen informerte litt om mogleg samarbeid med Styve gard, der han er tilsett. Dette er eit tilbod for m.a. vanskelegstilte barn.