Årsmelding 2016

havstril10-png

 

Havstril padleklubb sitt styre i 2016 bestod av Trond Hagenes (leiar), Stina Nordbak (nestleiar), Geir Bergflødt (medlem), Åse Hauge (medlem) og André Hole (medlem). Sistnemde representerte òg padleklubben i idrettsrådet. Det vart arrangert to fysiske styremøte i 2016 og eitt i januar 2017 – og hatt nettdialog ved behov utover dette, etter avheldt årsmøte.

Padleklubben hadde etter eit litt vanskeleg år i 2015 ein meir normal aktivitet i fjor, med godt fokus på ungdomsarbeidet. Samla sett hadde me 130 betalande medlemmar, fordelt på 74 kvinner og 56 menn. 38 av medlemmane var under 18 år eller yngre. I løpet av året er òg medlemsarkivet vorte digitalisert, etter krav frå idretten sentralt. Eit stort arbeid, men på sikt verdt arbeidsinnsatsen. Av statistikken ser me for fyrste gongen ein klar overvekt av jenter og kvinner i medlemsmassen vår, av kuriøse fakta han det nemnast at me har 15 medlemmar med adresse Torangsvåg, 23 frå Bekkjarvik, 28 frå Storebø, 16 frå Bergen, Vestre Vinnesvåg 11, Kolbeinsvik 9 – i tillegg til fleire poststadar med fire eller færre medlemmar. Me ser dermed spreiing på medlemsmassen frå heilt i sør i Austevoll til den andre enden.

skjermbilde-2017-02-06-kl-15-26-28

I juni vitja sjuandetrinna frå både Selbjørn og Storebø skular Sveholmen og fekk prøva seg i kajakken. Kjekt for både oss, og om me skal dømma frå reaksjonane frå ungdommane, òg for dei (totalt var dei om lag 60 elevar). Me satsa òg på open dag på Sveholmen i månadsskiftet mai/juni, dette gjorde me på den nasjonale Padlingens dag, som her vest krasja både med Sjufjellsturen og Padlefestivalen på Sotra. Effekten av dette tiltaket var redusert, med overraskande få besøkjande, sjølv om det var ein finfin dag på holmen.

 

Me innleia eit samarbeid med Austevoll turlag si UNG-gruppe, som me  allereie ser kan resultera i nyttige synergiar (ungdommen løyser vanleg ungdomskontingent i klubben). Trass alt er det ei viss slekt mellom tur med kajakk og med turstøvlar i guds frie. Så langt har samarbeidet resultert i eit grunnkurs, men vert etter alt å dømma følgd opp i år med eit teknikkurs med innbakt overnatting.

Året gav trass i labert sommarvêr eit relativt høgt tal på introkurs og deltakarar for vaksne. Tidlegare år har det vore ein klar samanheng mellom vêr og interessa for slike tur. Me merkar samstundes større interesse frå folk som har feriebustad på øyane. Vidare ser me av utlånsloggen at utstyret er mykje nytta i uorganisert aktivitet. Hugs likevel at samtlege som skal på sjøen skal ha betalt kontingenten og skal ha minimum våttkort/NPF introkurs.

Dei faste klubbaktivitetane for vaksne, torsdagsturane, opplevde særs svingande interesse i 2016. Fleire gongar vart det ingen tur, medan me på det meste var over ti menneske som padla på tur utover på seinsommaren.

skjermbilde-2017-02-06-kl-15-28-03

Me å takka Austevoll kommune fyrst for idrettsmidlane, som seinhaustes sette oss i stand til å kjøpa inn seks nye tørrdrakter, klubben kjøpte i tillegg inn ei slik drakt, noko som til saman utgjorde 2016 sin største investering. Det vart ikkje kjøpt inn nye kajakkar, men lånet vårt for rehabiliteringa av klubbhuset vart nedbetalt. Vaktmeisterteneste i kommunen var vene med oss og let oss overta utrangerte garderobebenkar frå Storebø skule. Desse vil med eit målingstrøk eller to verta å rekna nett som nytt.

 

Noko av det mest meiningsfylte me gjorde var deltaking på den nasjonale strandryddedagen i mai. Her var 12-13 havstrilar med og rydda opp i Råtapollen, utanfor Melingsvågen. I samarbeid med Austevoll Melaks fekk me samla opp over 300 kilo søppel som levert til SIM for resirkulering. Dette gav oss òg fine midlar på kontoen, i tillegg til ei kjekk stund i kajakken før og etter (nokre vart skyssa ut av Austevoll Melaks sine båtar, andre padla frå Sveholmen).

Me kunne òg feira 10-årsjubileum for klubben vår. Det gjorde med ein kort, aldersblanda padletur med marsipankake i lasterommet og noko klart til å hiva på grillen. Det vart ein kjekk tur til badestranda like nordaustom Bakkasundsbrua.

Totalt sett kan me konstatera at året gav god utvikling på fleire felt, sjølv om me måtte kansellera brottpadleseansen på slutten av sesongen. Når det kom til stykket hadde den massive interessa ved fyrste kunngjering kokt bort i kålen. Det kan òg nemnast at leiaren har vore på dialogmøte med NPF på Brann Stadion, der mellom anna det pågåande turløypeprosjektet vart diskutert.

Padleklubben ynskjer å takka Odin Group Holding og reiarlaget Østerbris for sponsing i 2016. Den same takken går til Austevoll kraftlag.

Valnemda til padleklubbens årsmøte i 2017 består av Laila Taraldsen og Liv Bente Storebø, med Agnethe Veivåg som varamedlem.

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s