Havstril padleklubb synest me har den finaste arenaen nokon kan tenkja seg: Skjergarden vår. Me padlar over store delar av kommunen og gjer standhogg både her og der. Ofte vert me møtt av mykje malurt i begeret: Store mengder ikkje-organisk søppel – nylontau, plastflasker, røyr, plastposar. I dag er medvitet vorte noko høgare, og fokuset på mikroplast større. Desse bittesmå plastbitane som endar opp margane til sjøfugl og fisk, og som til sjuande og sist kan føra til lidingar og død.
7. mai var den nasjonale strandryddedagen, og den lokale padleklubben nytta høvet til å rydda i nærmiljøet. Saman med samarbeidspartnar Austevoll Melaks troppa om lag 20 ivrige par hender frå padleklubben opp i Råtapollen på Vestre Bakholmen og fekk teke med over tre store helikopterposar med 300 kilo med ikkje-organisk materiale. Mykje av avfallet hadde lagt lenge, lenge og me fjerna mange inngrodde taustumpar.
Padleklubben verdset sjølv sporlaus ferdsle. Me tek alltid med oss eige søppel attende til Sveholmen eller anna utgangspunkt for padleturen. Tenkt på dei som kjem etter deg, du òg, før du kastar ut ei tom plaske eller aluminiumsboks i naturen. Før eller seinare kjem plasten attende til deg (SIM har ei utmerkt returordning av plast som privatpersonar kan nytta seg av utan kostnad).
Etter timar med rydding av den idylliske pollen like sør om Melingsvågen, nytta me sjølvsagt høvet til å grilla, dykja og nyta det som etterkvart vart ein strålande dag på stranda. Nyt sommaren, rydd ei strand!
Havstril padleklubb